1.jpeg

Inkluderingsmidlar 2026 høst

TIL IDRETTSLAGA PÅ VOSS  SOM ER MEDLEM I NOREGS IDRETTSFORBUND

Inkluderingsmidlar haust  2026

Voss idrottsråd har fått tildelt ca kr 284 000,- i Inkluderingsmidlar frå Norges idrettsforbund. Dette er midlar som skal bidra til at barn og unge frå familiar med vedvarande låg inntekt får høve til å delta i faste organiserte idrettsaktivitetar i Voss herad.

På Voss ynskjer me å fordela midlane til idrettslaga etter desse kriterium:

  • Til klubbar som tilbyr faste organiserte fritidsaktivitetar for barn og unge.
  • Målgruppa er barn og unge i alderen 6–19 år frå familiar med vedvarande låg inntekt, busett i Voss herad.
  • Tilskotet skal nyttast til klubben sitt arbeid med å inkludera barn og unge som står utanfor, eller står i fare for å falla utanfor på grunn av sosioøkonomiske årsaker.
  • Klubbane vel sjølve korleis dei ynskjer å nytta mottatte midlar, så lenge bruken bidreg til betre inkludering.
  • Dette kan til dømes vera: treningsavgifter, transport, bekledning, gratis lågterskelaktivitetar eller liknande tiltak.

 

Jobbar klubben din med inkludering og treng økonomisk støtte til dette arbeidet?

Er svaret ja?

Då bør du svara på seks korte spørsmål under og senda svaret på

e‑post til [email protected] innan søndag  27.september 2026.

 

NB! Større idrettslag med fleire særgrupper kan senda inn ein søknad per særgruppe. Svar kort.

  1. Namn på klubb:
  2. Tilbyr klubben faste organiserte idrettsaktivitetar for målgruppa 6-19 år?
  3. Kor mange aktive medlemmar klubben i aldersgruppa 6-19 år?
  4. Kor mange av desse " reknar de med" har betalingsutfordringa?
  5. Jobbar klubben med inkludering? Om ja, korleis?
  6. Omlag kor stort beløp søkjer klubben om og kva skal pengane nyttast til ?